Av Åsmund Berthelsen, leiar i styret i Botnane og Årebrot grendalag

Både Botnane og Årebrot treng ei skikkeleg breibandløysing. Styret i grendalaget sender no brev til Bremanger kommune og ber om fortgang i arbeidet med å få breiband til alle delane av kommunen. Grendalaget vil også sende brev til Flora kommune for å få ei løysing for Årebrot,  lik den øyane får med fiber.

Bremanger kommune er i gang med å lage ein strategi for å skaffe alle i kommunen tilfredstillande breiband. Dette må dei for å få statleg støtte. I strategien vil kommunen prioritere områda som er att for breibandutbygging.

Botnane er eitt av områda. Selskapet Enivest har levert eit tilbod om breibandløysing for bygda. Dei foreslår radiolinje og trådlaust breiband. Løysinga er radiolink frå sjukeheimen i Kalvåg til ny mast i Botnane. Linken er forsynt med kapasitet direkte frå fiberløysinga til Enivest i Kalvåg. Frå den nye masta vert det distribuert på radiolink til sluttkundar og husstandar.

Tilbodet frå Enivest var i mai månad på 536.000 kr. Det er knytt ein del krav til løysinga. Mellom anna at selskapet må få selt radioløysing til 10 kundar i Botnane før oppstart og at bygging av strumline til stasjonane ikkje overstig 100.00 kr.

Utbygginga må verte finansiert med betaling frå husstandar/verksemder, kommunale midlar og statleg støtte gjennom Norsk kommunikasjonsmyndighet (Nkom). Kva prisen vert for kvar einskild i bygda er endå ikkje klart, og vert truleg ikkje klart før strategien er ferdig handsama politisk i kommunen. Når den er det, vert den sendt over til fylkeskommunen. Fylkeskommunen skal rangere prosjekta og sender vidare til Nkom for godkjenning.

 

Styret i grendalaget arbeider for å få prosessen til å gå raskare. Bygda treng skikkeleg breiband no, både husstandane og ikkje minst settefiskanlegget.

Skuleelevar får til dømes ikkje levert skulearbeidet sitt på nett, slik dei skal gjere.

I tillegg til dårleg breiband er også mobildekninga dårleg i deler av bygda.

Grendalaget sender no brev til kommunen der ein ber om fortgang i arbeidet med strategien og ei avklaring på kva det vil koste for sluttbrukarane. Styret i laget oppmodar også alle i bygda, både husstandar og verksemder om så snart som mogleg å sende brev til kommunen om behovet for breiband raskt.

Heller ikkje på Årebrot er det tilfredstillande breiband. Grendalaget vil difor også vende seg til Flora kommune for å få ei løysing lik den øyane no får med fiber.

Styret i grendalaget meiner det er viktig med eit politisk press både i Bremanger og Flora, for å få løyst dette så snart som mogleg. Mangel på skikkeleg breiband er eit problem for alle!

.

 

Av Ståle Sørbotten

Dreg du sørover på Frøysjøvegen (fv 577), og kjem til  Nordbottenstranda i Botnane, passerer du på styrbord side Nøre gravrøysa og rett nord for Søre gravrøysa passerar du Frivika. Der på babord side, oppunder hamrelaget ligg «Hellebrotbåten», ein båt oppmurt av heller.

 

Han har stått der sidan 1930-talet. Sannsynlegvis vart «kjølen» strekt tidleg på 1930-talet. Han er skapt av initiativrike ungdomar og born frå Nordbotten og Sletten og var i ei årrekke ein ynda leikeplass for 10,11,12 og 13-åringar i området.

Det var Mathias Sande i Sletten og Hermund Øvrebotten på Støylabruket som var opphavsmennene til «båten”. Seinare kom Johannes Nordbotten og Otto Nordbotten inn i «Rederiet» og ei tid etter også Jon Øvrebotten og Anders Sørbotten. Vi kan vel sei at i 1930 og 1940- åra, og litt ut på 1950-talet, har borna i Nordbotten og Sletten hatt si tid på «Hellebrotbåten» på Frivika.

«Skipsbyggarane» brukte berghammaren som babord side på  båten, medan dei mura styrbord side av heller som dei fann i terrenget. Dei hadde fått lov av grunneigarane – fellesskapet i Nordbotten/Sletten –  til å ta av dei småhellene som var der.  Som dekk og tak på styrehuset brukte dei større heller, så sannsynlegvis tok dei seg litt til rettes. Dei rekna vel med at det var lettare å få tilgjeving når byggearbeidet var gjennomført. Ikkje rettare eg minnest var det brukt ein del trematerial som bjelkar for dekk og tak, så det var vel ikkje nok store heller.

Mathias Sande og Hermund Øvrebotten trekte seg etter kvart ut av «rederiet». Dei følte seg nok for store til å blande seg med dei yngre som meir eller mindre melde seg inn i «rederiet», og fekk andre interesser som drog meir. Det var visst Otto Nordbotten og Johannes Nordbotten som fullførde bygget.

Seperator frå Garden

«Båten» var innreia med eit styrehus, eit maskinrom i midten, ei kahytt bak og ein lugar framme. Han måtte ha ei maskin. Oppe i Garden hadde dei ståande ein gamal utrangert separator og den meinte Otto og Johannes høvde til motor. Ingen skulle vite om det då dei bar seperatoren opp i utmarka og nord ovanfor Slettegardane. Der tok Mathias og Hermund over og bar seperatoren nord til  «Hellebrotbåten»  og plasserte han i maskinrommet.  Johannes fortel at han til sist hadde fortalt mor si, Aletta, kva dei hadde gjort. Seperatoren var ikkje brukande, så ho hadde sagt at det fekk no gå, men dei kunne godt ha spurt før dei for med han.

Dei la ei røyrleidning frå ei lita tjønn opp på bergkanten, over kanten og ned i «maskinrommet».  Røyrleidninga gjekk over ei lita høgde. Vatnet rann difor ikkje ned til «maskineriet» av seg sjølv. Dei måtte, ikkje rettare eg minnest suge vatnet over kanten for å få det til å renne. Eg hadde inntrykk av at det ikkje var ei enkel sak. Dei kom visst ikkje så langt at dei fekk laga vasshjul til å drive seperatoren med. Dei måtte bruke handemakt.

Den omtalte tjønna. Foto; Ståle Sørbotten

«Maskinrommet» var ikkje ikkje tilgjengeleg for oss «barnsungane». Det som skjedde der kunne ikkje openberast for oss «næmingar», men ein gong hugsar eg vi fekk lov til å glytte ned i rommet eit lite sekund. Men så vart luka stengd. Eg tykte likevel eg hadde vore vitne til ei stor oppleving.  Seinare skjønte eg at det ikkje var mykje mystikk med «maskinrommet».

No er nok «Hellebrotbåten»  gått i «opplag» for godt. Dekk og tak er brotna saman enten av elde, eller med menneskeleg hjelp, for å hindre fallgruber for born som måtte finne på å granske kva eldre generasjonar har halde på med.

Sannsynlegvis var Odd Sande og eg, og kanskje Harald Langø, dei siste som «gjekk frå borde» frå «Hellebrotbåten»  og overlet han til naturen sin gang. No er han ein ynda stad for ville vekster – blom og einestabbe.

Ståle Sørbotten ( i midten) syner fram Hellebrotbåten til svigersonen Vebjørn Arntzen og barnebarnet Linus Arntzen Sørbotten, sommaren 2012. Foto: Kirsti Hole

For min barnegenerasjon, som ikkje hadde mobiltelefon og nettbrett med dataspel å putle med, var aktiviteten i «Hellebrotbåten»  ein leik vi ser tilbake på med mykje glede.

Det var ei gledestund å sjå og høyre kor Johannes Nordbotten, som nærmar seg 91 år, lysna opp då eg fekk han til å fortelje om starten og drifta  av «Hellebrotbåten”. Han var heller ikkje tung å be då eg bad han vere med  meg nord på Frivika for å ta nokre bilete.

“Bergpreika” til Mathias

Då vegen mellom Myklebust og Botnane vart opna og teken i bruk (1993), førde det til ei «valfarting» av framande som ville plukke stein og heller. Det tok heilt overhand. Det var til og med ein person som hadde vore nede i Nøre gravrøysa for å leite etter gravstein til kona si.

Alt dette styret førde til at ein del av grunneigarane i Nordbotten ville  rive ned «Hellebrotbåten» og fordele hellene på bruka. Audun Sande fortel at dei kom tidleg ein laurdagsmorgon og ville ha han med på arbeidet. Han var so heldig at farbroren hans Mathias Sande, ein av pionerane for byggearbeidet, var heime på ein ferietur.  Han meinte at «Hellebrotbåten» som han og Hermund på Støylen bygd opp, måtte få stå i fred. Han gjorde ingen fortred. Skulle dei rive ned og dele desse hellene fekk dei og reise opp under fjellet og dele steinen der oppe og, for den var óg felles”, meinte Mathias.

Etter denne «Bergpreika» i miniatyr, vart rivinga lagd død og blommen og einestabben fekk fortsette å  fylle styrehus og maskinrom som før.

Johannes Nordbotten og Ståle Sørbotten framfor restane av Hellebrotbåten. Foto: Elisabeth Ruud Nordbotten

Her står to av brukarane av «båten», Johannes Nordbotten som var ein av dei første som kom inn i «rederiet». Ståle Sørbotten er sannsynlegvis den siste som gjekk frå borde og overlet «båten» til forfallet. Otto Nordbotten, som óg var ein dei første brukarane av «båten», bur på aldersheimen i Ulsteinvik. Desse tre er dei siste gjenlevande «sjømennene».

Vi vil sende ei varm helsing til Otto Nordbotten og ønskje at einkvan kan vise han artikkelen og bileta.

Her kan det høve med byrjinga på diktet “Tungt glir båten”, av Jan-Magnus Bruheim.

Tungt glid båten. Fylt av draumar,

over opne, vide hav.                                      

Møter brot og understraumar

som vil søkkje han i kav.

 

Himlen myrknar. Stormen vaknar

just som soli klårast skein.                    

Draumane glid over ripa

ned i kavet, ein og ein.

 

 

Botnane og Årebrot grendalag hadde invitert ordførarane i Flora og Bremanger til sundagskafeen den 14.oktober, for å drøfte kva som skjer med dei to bygdene når Kinn kommune er ein røyndom den 1.1.2020.  Møtet har vekt merksemd , og både Fjordenes Tidende og Firdaposten har hatt oppslag om det.

Det kom bra med folk. Mange var engasjerte. Meininga med møtet var å reise spørsmålet og få diskusjon om kva som eventuelt tener dei to bygdene best i framtida. Konklusjonen var at det vil vere ein føremon at bygdene høyrer til same kommunen. Det mest nærliggande for mange er å tenkje at då må det bli som ein del av Kinn. Men det vart på møtet også stilt spørsmål om bygdene heller burde bli ein del av Bremanger.

Tidlegare har årsmøte i grendalaget gått inn for at Bremanger skal slå seg saman med Flora og Vågsøy og bli ein del av Kinn kommune. Såleis vil det vere naturleg at grendalaget framover arbeider for at Bremanger vert ein del av Kinn kommune. Grendalaget har ikkje drøfta eller teke stilling til ei eventuell grensejustering.

 

Åsmund Berthelsen

(Styreleiar i Botnane og Årebrot grendalag)