Til årsmøte i Botnane og Årebrot grendalag laurdag den 16.mars kl. 15.00 i Botnane grendahus

Då ynskjer eg vel møtt til årsmøte komande laurdag den 16.mars. Her er sakspapir til møte Alt er framlegg frå styreleiar då det ikkje har vore mogleg å samle styret til møte for handsaming av sakene.

Send gjerne spørsmål eller kommentarar på førehand til asmund.berthelsen@icloud.com

Håpar mange har høve til å kome på årsmøte der vi har litt servering.

Beste helsing

Åsmund Berthelsen (leiar i styret)

Sakliste

Framlegg Årsmelding for Botnane og Årebrot grendalag 2023

Resultatrapport 2023 BÅG

Balanse 2023 BÅG

Forslag arbeidsplan 2024

Aktivitetsplan for BÅG 2024

Framlegg budsjett 2024

Forslag fra valnemda -24

Sak 9 Andre saker

 

 

Program for bygdehelga Botnane-Årebrot 14.-16.juli 2023

Fredag 14. juli:

KL.19.00: Swing jazz frå Sørgulen                                                                               

Konsert med Eliise Tuul, Espen Skartun og Kristian Skaar. Dei spelar swing jazz i tradisjon frå Django Reinhardt, i eit musikalsk spenn frå Duke Ellington til Britney Spears. Det vert enkel servering og vertskap er Kari Brun Ågotnes og Asgeir Øvrebotten.

Botnane grendahus, Frøysjøvgen 2964. Bilettpris kr. 100, Vipps 50 14 65 eller i døra. Påmelding til Åsmund Berthelsen, mobil 93 23 70 73. 

Laurdag 15. juli:

Kl. 10.30: Fiskekonkurranse for liten og stor i Nøre dalen
I denne tradisjonelle fiskekonkurransen gjeld det både å få mest fisk, og største og minste fisken. Vetle Aase Øvrebotten er primus motor.

Kl.11.00-15.00: Lunsjkafe i Botnane grendahus
Sal av mat og drikke, bøker og diktkort. Vertskap er Hannele Turunen og Marion Van Eck Ederveen.

Kl.13.00: Omvising i skulptursamlinga etter Aase Botnmark
22 skulpturar i skulestova i Botnane grendahus. Magni Øvrebotten er omvisar.

Kl.13.00: Opplæring i kast og kasteteknikk i diskgolf

Kl.14.00: Opning av og turnering i den nye diskgolfbana i Botnane
Bana ligg i det gamle beiteområdet kring Botnane grendahus. Rune Nordbotten er primus motor.

Søndag 16. juli:
Kl. 11.00: Fottur i Husefestmarka og over til Uradalen
Torleif og Nina Seljestokken er turleiarar. Påmelding til Nina, mob.40 24 48 49

Kl.11.00: Gudsteneste i skulestova, Botnane grendahus
Med sokneprest i Ytre Bremanger, Dag Leirvik. Elisabeth Ruud Nordbotten er kontaktperson.

Kl.15.00: Basar på Årebrot grendahus, Frøysjøvegen 4200
Med sal av mat og lodd, og utlodding. Inntekta går til Botnane og Årebrot grendalag og drifta av grendahusa og andre aktivitetar i bygdene våre.

Anna du kan gjere Botnane – Årebrot: Fleire merka turløyper, Diktarsti og stolpejakt. Sjåwww.stolpejakten.no

 

Bygdehelga Botnane/Årebrot vert 14.-16.juli, med opning av ny diskgolfbane, fiskekonkurranse, lunsjkafe, fottur i Husefestmarka, gudsteneste og basar. Vi kjem attende med meir utfyllande program.

Her finn du Aktivitetsplanen for resten av 2023. Der er ikkje alle oppgåvene fordelte. Har du lyst til å hjelpe til med basar, søndagskafear og anna kan du sende ei melding til leiaren av grendalaget, Åsmund Berthelsen, mobil 93 23 70 73.

 

Last opp kalenderen:

5.6.23Aktivitetskalender for Botnane og Årebrot grendalag 2023[44782]

Årsmøte laurdag 11.mars 2023 kl.15.00

i Botnane grendahus

 Sakliste:

  1. Val av møteleiar, skrivar og to til å skrive under møteboka.
  2. Godkjenning av innkalling og sakliste.
  3. Årsmelding for 2022 –
  4. Rekneskap for 2022
  5. Arbeidsplan for 2023
  6. Kontingentsatsar for 2024
  7. Budsjett 2023
  8. Val

 Med helsing

Åsmund Berthelsen

(leiar i styret)

Mobil: 93237073

E-post: asmund.berthelsen@icloud.com

Meir informasjon om grendalaget finn de på heimesida www.botnane.no og på Botnane og Årebrot grendalag si fjesbokside!

Sakspapir og endeleg sakliste for årsmøte vert lagt ut på heimeisda til grendalaget omlag ei veke før årsmøte.

 

60 km-sone, busskur og gatelys i Myrane/Sørbotten er viktige punkt i merknadene grendalaget har sendt til framlegget til trafikktryggingsplan i Bremanger kommune.

 

18.10.21

Til Bremanger kommune

 Botnane og Årebrot grendalag vil med dette kome med nokre merknader til framlegget til plan. Som leiar i laget skriv eg merknadene med grunnlag i dei synspunkt grendalaget tidlegare har gjeve uttrykk for og punkt vi har på arbeidsplanen som årsmøte i laget har vedtke. Det gjeld 60 km-sone gjennom Botnane, gatelys i Sørbotten og generell utbetring og opprusting av fylkesvegen.

Vi tykkjer det er eit godt framlegg med gode strategiar for trafikktryggingsarbeidet i kommunen – og at alle viktige område er med. Vidare ser vi at kommunen er avhengig av samarbeidspartnarar for å gjennomføre alle dei viktige tiltaka. Ikkje minst er det eit spørsmål om økonomi både for kommunen og fylkeskommunen. Når det gjeld spørsmålet om redusert fartsgrense er det også spørsmål om haldningar og regelverk. Grendalaget har ved fleire høve teke opp spørsmålet om redusert fartsgrense gjennom Botnane med Statens vegvesen/fylkeskommunen, men fått avslag. Trass i støtte frå både kommunen og politiet. Her er det viktig at kommunen står på for å få dette til. Det er eit tiltak som kostar lite – og som etter folk i Botnane si meining burde vere sjølvsagt. Ein skal ikkje køyre gjennom Botnane med høgare fart enn i 60 km. Eit par stader bør fartsgrensa vere 30 km.

Vi støttar difor innspel nr. 61 og 62, om 60 km-sone gjennom bygda. Vi støttar også at det vert sett opp gatelys fleire stader. Grendalaget har teke opp spørsmålet om gatelys ved nokre høve, særleg i Sørbotten der det er eit klart ynskje om det. Laget har det på arbeidsplanen å arbeide for gatelys i Sørbotten – og laget vil engasjere seg for å få dette gjort med mellom anna å få inn eksterne midlar. Men det er viktig å få avklara ansvaret for kven som skal gjere dette, kommunen eller fylkeskommunen.

Eit anna tiltak det har kome innspel på, er busskur i Myrane (Sørbotten). Dette tykkjer vi heilt klart at må kome, og det må verte prioritert i tiltaksplanen. Her er det også viktig så snart som mogleg å avklare ansvarsforholda.

Elles ser grendalaget på ei generell opprusting og utbetring  av fylkesveg 5711 (Frøysjøvegen), frå Myklebustkrysset til Villevika som eit viktig trafikktryggingstiltak. Det gjeld ikkje minst gjennom Botnane der vegen er smal, går tett inn på hus og har fleire uoversiktlege parti. I periodar går det mykje tungtransport som er utfordrande for alle, både gåande, syklande og anna biltrafikk. I tillegg til at vegbana ikkje er bygd for tungtrafikk.

Frøysjøvegen høver godt for sykkeltrafikk med lite stigning og mange flate strekningar. Men i fleire parti er det ein risikosport å sykle. På dei smalaste partia gjennom Botnane må du gå av sykkelen for at bilar skal passere.

Oppsummert har vi desse merknadene:

For å gjere vegen gjennom Botnne tryggare for alle trafikantar er desse tiltaka svært viktige og må verte prioriterte:

  1. 60 km- sone gjennom heile bygda. Og helst 30 km-sone eit par stader.
  2. Gatelys i Sørbotten.
  3. Busskur i Myrane (Sørbotten)
  4. Generell opprusting og utbetring av fylkesveg 5711 med å gjere den breiare og meir oversiktleg.

Med helsing

Botnane og Årebrot grendalag

Åsmund Berthelsen

asmund.berthelsen@icloud.com

93237073

Last ned pdf-fil av brevet her:

Merknader frå BÅG

Fiberkabel kjem på land i Botnane, og det er lagt kabel vidare nordover. Men ikkje innover i Botnane. Kommunen lovar at det skal kome, truleg i 2022. Foto: Marion Van Eck Ederveen.

 

I det siste er det lagt kabel frå ein sentral i Botnane for å gje fiber til bygdene nordover, til Gulestø, Sørgulen og vidare. Mange har med rette spurt om kvifor ikkje Botnane får når det alt er fiber fram til ein sentral i bygda. Grunnen er at Botnane ikkje var med då Bremanger kommune for eit par år sidan søkte om midlar for å få fiber/breiband. Men no lovar både ordføraren, Anne Kristin Førde og næringssjefen, Karl Vidar Førde at dei områda som ikkje er med no vil få, kanhende neste år. Ordføraren håpar at dei siste områda utan breiband/fiber vert sendt ut på anbod i haust, slik at det kan verte lagt inn i budsjettet for 2022.

Det vil vere på høg tid! Koparnettet er kutta og fleire i Botnane har gått over på mobilt breiband. Men med dårleg mobildekning er det langt frå tilfredstillande, korkje for private eller settefiskanlegget. Grendalaget vil stå på for at fiber/breiband kjem på plass så snart som råd!

Og kva med Årebrot? Kinn kommune har Årebrot med på lista over prioritert bygder som skal få breiband/fiber i perioden frå i år til 2025, i følgje eit oppslag i Firdaposten tidlegare i sommar. Kommunen har fått midlar frå fylkeskommunen og har sjølv sett av midlar i budsjett- og handlingsplanen dei neste fire åra! Grendalaget vil også følgje med her – og gjere sitt til at det kjem på plass så snart som mogleg.