• Diktarstien i Botnane

    Ti dikt av forfattaren Jan-Magnus Bruheim er gravert i stål og bolta til stein. Det er dikt han skreiv medan han budde i Botnane. Diktarstien vart opna 18.08.18 og er 4,3 km lang. Det er seks stoppestader og skilta der skal gje deg informasjonen du treng. I 2O19 er det omvising fyrste søndag i kvar månad april – oktober.

Dette er Diktarstien:

  1. Gravstaden i Botnane, med diktet Tri grannar. Her er òg eit skilt om historia til gravstaden. Han vart teken i bruk i 1899 og vigsla i 1900.
  2. Kaia i Korsnesvika, der ferja stoppa før. Jan-Magnus hadde ein daglege tur hit for å sende og hente post.  Diktet her er Still sjø, og skiltet fortel om kaia som samlingsstad 1965-1993.
  3. Øyi mi  kalla Bruheim Flòtholmen. Diktet Ved fjøre sjø heng på holmen, og ved starten av stien som går ned dit, av omsyn til dei som ikkje kjem seg ut på Flòtholmen.
  4. Grendahuset, der Bruheim budde. Det gamle skulehuset frå 1927 fekk sitt eige dikt i Huset som talar. Det og diktet Den annsame heng på baksida av huset. Ved inngangen heng hovudskiltet om forfattarskapen til Bruheim og tida hans i Botnane.
  5. Fôtefar i stein er skrive om ein stein med “avtrykk” av ein barnefot. Den ligg ved Søre elva, 300-400 meter bak grendahuset. Av omsyn til dei som ikkje kan gå dit kjem det opp eit dikt- og informasjonsskilt der stien dit startar.
  6. Jørnjorda, med tre godt synlege søyler i cortenstål. Her er det raste- og parkeringsplass, med dikt, kart og informasjon om Diktarstien i Botnane. Dikta Du i meg, Gjev meg ei stund med stille, Tjelden og Haustkveld ved havet heng her.

Dikt gravert i stål og bolta til stein

Diktarstien i Botnane vart opna i eit heidundrande galever 18. august 2018. Det var vind frå alle kantar og høljeregn, så opninga måtte skje inne i grendahuset. Trass i veret kom det over 200 menneske og sjølv om folk vart stuva tett kom ikkje alle under tak.

Det var forfattaren Magnhild Bruheim som opna Diktarstien etter farbroren. Sigrid Moldestad med trio hadde ein minikonsert med dikt ho har tonesett av Bruheim. Hildegunn Solberg Nes deklamerte dikt og fortalde om Bruheim sitt gode forhold til Vestlandet. Og ho lanserte boka “Trollguten og andre dikt”, med eit utval av dikt Bruheim skreiv for born.

Frå 1978 til 1985 budde forfattaren Jan-Magnus Bruheim i det nedlagde skulehuset i Botnane. Han hadde lenge ynskt å bu på kysten, for å oppleve andre natur- og vêrtilhøve og eit anna folkeferd enn han var van med i Skjåk.

“Bruheimen”, som han vart kalla, fann seg fort til rette og vart ein svært omtykt bygdamann. Han las gjerne dikta sine på ulike tilstellingar. Diktinga hans fekk ny næring, nye motiv og synsvinklar, og elleve av dei 45 bøkene hans kom ut medan han budde i Botnane. – Sju gode år, sa han sjølv om den tida.

Jan-Magnus Bruheim var fødd i Skjåk 15. februar 1914. Bortsett frå åra i Botnane budde han der det meste av livet sitt. Han døydde 10. august 1988.

No er alle som opplevde Jan-Magnus Bruheim i Botnane anten borte eller godt vaksne. Men nye generasjonar vart kjende med diktinga hans i samband med 100-årsjubileet i 2014. Då kom det ut ei ny bok med “Dikt i utval”, og musikaren Sigrid Moldestad tonesette dikt av han til CD-en “Brevet til kjærleiken”. Det har aldri vore så mykje folk i Botnane som 14. juni 2014, då Moldestad og musikarane hennar samla over 400 menneske til konsert bak grendahuset. I strålande solskin.

For å heidre Bruheim

Ideen til Diktarstien i Botnane er henta frå Diktarstigen i Skjåk, som vart laga til i høve 100-årsjubileet. – Det slo meg at vi kunne heidre Jan-Magnus Bruheim og syne fram Botnane gjennom dikt han skreiv medan han budde her, seier Magni Øvrebotten, som tok initiativet til stien i Botnane.

Dei ti dikta er graverte i stål, slik at dei held seg. Og bolta til stein, for at dei ikkje skal blåse vekk. Dei fem informasjonsskilta er i aluminium med tekst og bilete. Askvoll skiltgravering har laga alle skilta. Sivilarkitekt Bjørn-Are Vollstad har utforma skilta og laga det grafiske uttrykket, skissert og planlagt stien og vore med som rådgjevar i byggeprosessen.

Entrepenør Øystein Faye har flytta digre steinar, laga murkant, bålgrop og leikeområde, og arbeidd opp ein raste- og parkeringsplass på Jørnjorda. Søylene der, som skilta er festa til, har Sunnfjord Industri laga i cortenstål. Desse skilta er fyrste møte med Diktarstien i Botnane når du kjem køyrande Frøysjøvegen (fv.577) frå nord. Alle har vore gode fagfolk å ha med seg. Elles er alt arbeid på dugnad. Det er eit stort løft for ei lita bygd.

Arbeidet med diktarstien har teke tre år med søknader om løyve og godkjenningar, finne rette fagfolka, dugnadar og masing om  pengar. Vi har fått pengar til føremålet frå privatpersonar, verksemder, lag- og organisasjonar, bankar og det offentlege. Når alt er ferdig skal vi gravere namna til alle gjevarane, og dei som dreiv dugnad, på eit skilt ved grendahuset.

Du kan framleis støtte Diktarstien

Diktarstien kosta 653.330 kroner. Vi samla inn og fekk støtte for til saman 553.700 kroner, og har fått momsrefusjon for kr. 55.000. Grendalaget betalte det attverande.

Du kan framleis vere med og støtte tiltaket på kontonr. 3705 29 68802. Du kan òg bruke vipps til Botnane og Årebrot grendalag # 50 14 65. Merk det Diktarsti same kva betalingsmåte du brukar. Takk til alle som støtta oss.

Takk for velvilje

Diktarstien i Botnane er godkjend av Bremanger kommune, Fylkesmannen og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane, Statens Vegvesen og Sogn og Fjordane Energi. Alle grunneigarane har vore positive og Torunn Bruheim Haugen, som sit med rettane til dikta, har gjeve oss løyve til å bruke dei. Takk til alle for den velviljen vi har møtt.

Styret for Botnane og Årebrot grendalag var prosjektgruppe for Diktarstien. Magni Øvrebotten var initiativtakar og prosjektleiar. Denne sida om Diktarstien i Botnane er ikkje ferdig enno. Vona er òg å få til ei side, med dikta, på engelsk. Dei ti dikta som er med finn du i “kortstokken” på sida her.

Dugnad på Diktarstien