• Diktarstien i Botnane

    Ti dikt av forfattaren Jan-Magnus Bruheim er gravert i stål og bolta til stein. Det er dikt han skreiv medan han budde i Botnane 1978-85. Diktarstien vart opna 18.08.2018. Han er 4,3 km lang, har seks stoppeplassar og er lett å gå.
    Foto: Ane Barmen

Diktarstien i Botnane

– med dikt av Jan-Magnus Bruheim

Forfattaren Jan-Magnus Bruheim (1914-88) kom frå fjellbygda Skjåk til kystbygda Botnane 12.12.1978 og reiste attende 11.11. 1985. Bruheim hadde lenge ynskt å bu på kysten, for å oppleve andre natur- og vêrtilhøve og eit anna folkeferd. Diktinga hans fekk nye motiv og ny giv, og han gav ut elleve av 45 bøker dei sju åra han budde i Botnane.

Sjølv hevda Bruheim at Botnane var det beste som hadde hendt han. Her var han ein omtykt bygdamann og forfattar, som alle kalla Bruheimen. Fleire av dikta og bøkene hans har klåre motiv frå Botnane og kysten. For å ære både Bruheim og bygda vart det i 2018 opna ein diktarsti i Botnane.

Det er ein natursti med ti dikt av Jan-Magnus Bruheim. Seks av dei er inspirerte av konkrete emne i Botnane. Dei seks stoppeplassane på stien er merka med lilla på kartet på informasjonsskilta. Runde, lilla skilt syner veg til dikta i terrenget.

Stien er 4,3 km lang og ligg for det meste langs Frøysjøvegen (fv 5711). Du kan både gå og køyre han. Av omsyn til dei som ikkje kan gå til skilt 3 og 5, er det sett opp skilt med desse dikta på der stien til dikta byrjar. Heile Diktarstien ligg mellom Jørnjorda og gravstaden.

Det heng også eit informasjonsskilt om Diktarstien i kaiskuret på Villevika, på Årebrot, for dei som kjem med båt sørfrå.

Forfattaren sjølv les

Dei åra Jan-Magnus Bruheim budde i Botnane las han inn alle dei nye diktsamlingane sine på kassett, for å sende dei til ein blind ven. Difor kan vi no høyre han lese åtte av ti dikt på Diktarstien i Botnane. Den tekniske kvaliteten er dårleg, men den gode røysta hans når fram.

Omsett til engelsk

For at dikta skal vere tilgjengelege for dei som ikkje kan norsk har vi fått Ivar Teigum (1944) til å omsette dei til engelsk. Teigum er frå Skjåk, er sjølv lyrikar og lektor med faga engelsk, historie og idehistorie. Han kjende Bruheim og diktinga hans godt.

The Poetry Path in Botnane

– with poems by Jan-Magnus Bruheim

The poet Jan-Magnus Bruheim came to the coastal community Botnane on 12. December from Skjåk, a local community in the interior of Norway, and he returned on 11. November 1986. For a long time Bruheim had expressed a wish to live at the coast to get an opportunity to experience different  conditions in landscape and weather as well as in the human behaviour. His poetry gained new strength and took up new themes, and eleven out of the total of his 45 books were issued during the years he lived in Botnane.

In Botnane Jan-Magnus Bruheim became appreciated as a familiar person and poet, in the local phrase universally referred to as «Bruheimen». Several of his poems and books have Botnane and the coast as source material. To praise both Bruheim and the local community a Poetry Path was opened in Botnane in 2018.

The footpath is lined with ten poems by Jan-Magnus Bruheim, Six of the poems take up typical Botnane themes. On the map at the information boards the six points in the path are marked in purple. Circular purple signs direct you to the poems along the path..

The Poetry Path is 4,3 kilometres long and runs for the most part along the Frøysjøvegen road (Rv 5711). You can walk or use your car. To make point 3 and 5 accessible to those who cannot reach them on foot, signboards with those poems have been placed at the start of the path. The full length of the Poetry Path is situated between Jørnjorda and the graveyard.

1) Gravstaden i Botnane

The Graveyard in Botnane

2) Kaia i Korsnesvika

The Wharf in the Korsnesvika Creek

3) Flòtholmen

The Flòtholmen Islet

4) Grendahuset i Botnane

The Community House in Botnane

5) Legene

Legene. The poem «Footsteps in Stone»

6) Dikt og parkering på Jørnjorda

Poems and Parking at Jørnjorda