Foto: Elisabeth Ruud Nordbotten

EINASTE HEILTIDSBONDEN


Rune Nordbotten driv gard med mjølkeproduksjon. Han leverer 118 tonn mjølk og kjøt av storfe og sau. Samla har han omlag 45 storfe, av dei 18 mjølkekyr og tre sauer. I tillegg til eigen gard slår han seks gardar som ikkje har eiga drift. Rune Nordbotten er no den einaste heiltidsbonden i Botnane.

I tillegg til garden leiger han og familien ut ei hytte til turistar som attåtnæring. Kyrne kalvar om våren og det skjer både inne og ute i det fri. Alle er på beite i fire- fem månader, og sauene er på fjellbeite.

Rune Nordbotten har drive garden sidan 1991, då han  tok over etter foreldra Kari og Johannes Nordbotten. Rune starta med å bygge nytt fjøs. Kona Elisabeth Ruud Nordbotten er lærar i Svelgen og dei har tre døtre.

Jamsides gardsdrifta har Rune Norbotten hatt ulike tillitsverv i samyrkjeorganisasjonane, mest i Tine og Geno. – Det er 5 mil å køyre til neste mjølkebonde, så eg arbeider mykje åleine. Då er det viktig å treffe andre og utveksle impulsar, seier Rune Nordbotten.